Føydalisme kan defineras som eit samfunnssystem med ein sterk lagdeling der kongen som øvste lensherre gav jord i len til vasallar. Føydalismen var eit makt- og økonomisk system som hang saman med at mindre lokale økonomiske system vokste opp etter at det Romerrikets fall i år 476. Etter at det romerske riket var tatt, plyndra og oppløyst, var det ikkje lenger nokon sentral myndigheit som kunne opprette ro og orden. Da fekk Paven i Roma politisk makt og ansvar i den kaotiske sosiale og militære situasjonen som fylgde. Sidan handelen og pengehusholdningen gjekk i oppløysning, blei jordbruket den dominerande faktoren i samfunnet og økonomisk forøvrig. Føydalismen begynte som eit kontrakts forhold kor ein bytta land mot militærteneste i eit samfunn kor folk flest hadde meir enn nok med å skaffe seg det aller mest nødvengdiste til livets opphald.
For å forstå kva dette går ut på må man vite korleis dette systemet fungerte: Lensherren var ein mektig person som hadde makt over eit geografisk område, nokon av desse områda som har for eksempel hadde vunne i krigar kunne gis til krigarane som betaling for innsatsen, mottakarane av desse fekk da eit len. Føydalisme blei særleg typisk for Frankrike og Tyskland, men det finnes trekk av føydalisme også andre stedar i Europa, blant anna i Norge.
Uttrykket føydalisme oppstod ved begynnelsen av 1600-talet, ordet sjølv kjem ikkje frå middelalderen, men blei oppfunnet av franske og engelske juristar. Blei brukt til å beskrive ein bestemt tradisjonell forpliktelse mellom medlemmane i krigeraristokratiet Sidan 1748 har uttrykket blitt redefinert og brukt av mange på ulikt vis. Landsbygd og jordbruk, godseigarar og bønder var det viktigaste bestanddelane i det føydale samfunnssystemet, byane var for svake. Føydalismen hadde sine røter i dei urolege år hundra etter Vestromersk-rikets fall. Da trakk folk seg ut av byane, for der blei det for farleg å leve. Stormenn slo seg ned på godsene sine og heldt seg med væpnande menn for å verne om eigedommane. Bøndene leitte etter beskyttelse hos godseigarane, men måtte gje frå seg jord i gjengjeld. Dei blei ikkje lenger frie, sjølv eiende bønder, men leiglendingar. Det vil si att dei leide jord frå godseigaren. Det kunne betale i form av pliktarbeid, hoveri, på godseigarens mark. Det blei innført stavnsband, og det vil si att godseigarane ‘’eide’’ leiglendingane. Da bestemte godseigaren når leiglendingane kunne forlate godset eller landsbyen utan godseigarens tillatelse. Godseigaren kunne og straffe og dønne sine bønder. Var ein bonde lydig, kunne godseigaren la bonden bli piska eller brannmerka.
Dei som levde under hoveri, stavnsband og ein godseigars domsmakt, kallas livegne. Da fekk dei makt over bøndene. Dei måtte ha godseigarens tillatelse for å kunne gifte seg. Bøndene måtte betale ulike avgifter for å gjøre visse arbeidsoppgåver. På den annen sida satt bonden trygt, godseigaren sa ikkje opp leieforholdet eller kasta bonden ut.
Ved slutten av 1200-talet var Europa inne i ein utvikling som førte vekk frå landbrukets naturaløkonomi. Med stadige utbrott av pestepidemiar og sultkatastrofar frå 1347 og framover, kom føydalismen som system under ytterlege press. PÅ den eine sida var det mangel på bønder og dermed på inntekt frå lenene. Vasallane skulle ta seg av dei fleste av dei lokale, administrative og rettslege oppgåver, og dei kunne ikkje forventa att lensherren kom og hjelpte dei kvar gang dei hadde bruk for det. Omvendt var vasallane uavhengige av kvarandre og hadde ingen interesse i å delta i større fellesprosjekt som eksempelvis krigar.
Føydalismen var ein dominerande samfunnssystem i heile Europa, bortsett frå dei nordiske landa. Ein grunn til det var att bøndene var rettslege frie. Adelen var svak og lite utbygd i Norge. Norges topografi var mykje grunnen til at festningsverk og riddarvesen ikkje var like effekt som andre nordiske land. Lensvesenet var ein forvaltningsform kor lenene aldri formelt var sett arvelege. Lensinnhaverens funksjonar var begrensa til administrasjon. Det norske militære var knyta til at frie bønder samla seg i leidang og godseigarane ikkje hadde særleg god beskyttelse. I Norge voks ikkje føydalismen så mykje, og det er meste på grunn av monarkiets krise, handelen på utanlandske hendar og at svartedauden traff Norge hardt.
Føydalisme kan minnest mykje om monarki, sidan begge styresformane er styrt av kongar og dronningar. Monarkiet er eit politisk system der all makt er overlevert til ein person som vil bli øvste leiaren av ein stat eller eit rike. Derimot er føydalisme fyrst og fremst eit økonomisk system satt på plass av ein monark for å effektivt forvalte ressursane i riket. Kongen veljar representantar som vil handle å hans vegne for å krevje inn skattar og handheve sine lovar. Monarkiet er basert på eit system med ein individ som har all makt til å styre. Men i føydalismen er avgjørsles opp til kongen, og det er påverka av kor langt og bredt hans rike territorium er. Føydalherrar krever anerkjennas frå ein høgare autoritet som kongen eller dronninga før dei kan ta kontroll over sin tildelte eigedom.
Konklusjon her att vi kan peke på tre viktige grupper i føydalismen: Dei som krigar: godseigarane og riddarane, dei som ber: presteskapet eller geistligheiten, og det som arbeidar: bøndene. Dette pekar fram mot den tredelinga som blei tydlegare utover i middelalderen og nyare tid: standssamfunnet med adel, geistlege og tredjestand.