Fagartikkel om flyktningskrisen på nynorsk
Det vedkjem oss alle
Flyktningkrisa i Europa er den største humanitære krisa sidan andre verdskrig. I følgje AUF sine sider om flyktningane er 300.000 menneskeliv gått tapt, 4 millionar på flykt utanfor Syria og 7 millionar på flukt innanfor Syria. Det er om lag like mange menneske som bur i Danmark og Noreg til saman. Korleis skal vi som eit av verdas rikaste land ta ansvar?
I sommar var det eit forlik i Stortinget som sa at Noreg skulle ta imot 8000 flyktningar over to år. Verkelegheita er annleis. I seinare tid har talet på flyktningar eksplodert. Berre i september kom det rundt 5000, og ein forventar mange fleire. Partia er ikkje samde om kor mange flyktningar vi bør ta imot, og nokre politikar meiner at ein bør vere sterkt restriktive og ta i mot minst mogleg. Kvifor må vi eigentlig ta imot flyktningar? Spørsmål rundt integrering spill ei stor rolle i debatten om dei 8000 flyktningane som kjem, og mange politikare frå den høgre side meiner at det å støtte nærområda er viktigare.
Det som må til er ein global og nasjonal dugnad, og Noreg som eit av verdas rikaste land har mykje å bidra med. Dei vestlege landa har lenge svart på flyktningkrisa ved å sende pengar for å sikre livsprinsippa til dei på flukt. FN seier no at dette ikkje lenger er nok og at velståande land som Noreg bør ta inn flyktningar for å verne dei. Til tross for usemja på Stortinget har partia blitt samde at dei skal ta imot flyktningar. Denne avgjersla gjer at folk blir nysgjerrige. Kva skjer med dei som kjem til Noreg no, og korleis kan vi som allereie bur her hjelpe menneske på flukt?
På norske asylmottak ventar mange på å få opphald og på å få ein kommune dei kan busette seg i. Problemet er at kommunane rundt om i landet busettjar færre folk enn dei burde, og derfor stig talet i asylmottaka. Ein grunn til at kommunar seier nei kan vere fordi dei trur at dei må ta inn fleire enn dei har kompetanse til, og at dette vil koste kommunen mykje. I følgje AUF sine sider om flyktingkrisa, vil det berre bli 4-5 familiar per kommune om alle kommunane seier ja til å ta imot. Sannheita er derfor annleis enn det mange trur. Kommunane i Noreg meiner også at dei ikkje får nok pengar til å finansiere kostnadane som integreringa krevjar. Det er derfor viktig at det blir satt av meir pengar til flyktningane i statsbudsjettet.
I statsbudsjettet for 2016 gir regjeringa 50 millionar kroner for busetjing i kommunane og 25 millionar for busetjing av einslege, mindreårige flyktningar. I følgje Gunn Marit Helgesen, styreleiar i interesse og arbeidsgiverorganisasjonen til kommunesektoren, er dette for lite. Helgesen meiner at det vil krevjast langt meir enn det som ligg i budsjettforslaget. I følgje NTB vil Noreg bruke 8 milliardar kroner innan 2016. Dersom ein tek ein kikk på statsbudsjettet og samanliknar tala som NTB viser, vil ein raskt legge merke til at politikarane har tatt alt for lite omsyn til flyktingkrisa enn det dei burde gjera.
Flyktningane som kjem til Noreg har ein plikt til å lære seg norsk og komme seg ut i arbeidslivet, samstundes har samfunnet eit ansvar for å sørge for at alle får lære seg norsk og komme seg ut i arbeid. Integrering er ein toveis prosess kor både majoritetane og minoritetane må tilpasse seg. Det er viktig å mobilisere heile befolkninga, også minoritetane, til å delta på viktige fellesarenaer som i idrettslag, på skulen, og i frivillige organisasjonar. I følgje Røde Kors er befolkningas ønske om å bidra sterkt, og dei seier også at dei er overvelda over støtta dei har fått den siste tida. Mange av flyktningane som kjem til Noreg er menneske som vil bli ein del av lokalsamfunnet. Rekord mange flyktningar skal busettjas i kommunane rundt om i landet den neste tida, og derfor er det viktig at alle tar i eit tak og bidrar. Samfunnet må stå saman for å gjere ein jobb som hindrar at menneska som kjem, blir ein underklasse i samfunnet.
Noreg er eit samfunn i endring, og eg meiner det er noko vi må halde oss til enten vi liker det eller ikkje. Eg meiner at det å ta ansvar for å hjelpe menneske i nød ikkje er eit val, men ein plikt. Vi kan godt diskutere tala på flyktningar, kostnadar og ressursbruk, men det er også viktig at ein diskuterer innovasjon, integrering og utvikling. Det å ta ansvar handlar ikkje berre om å gje dei godkjent opphaldstillating, men også om å vere rause og imøtekommande. Vi må ikkje blunde auga og late som om flyktningkrisa ikkje angår oss. For no er den her, og den vil ikkje gå vekk med det fyste.
Karakter: 5-
Kjelder
http://www.vl.no/nyhet/kommunene-ber-om-mer-for-%C3%A5-takle-flyktningkrisen-1.418213
http://auf.no/syriske-flyktninger-myter-og-fakta/
http://www.fn.no/Tema/Flyktninger/Flyktningsituasjonen-i-verden
https://www.rodekors.no/distriktsider/sor_trondelag/lokalforeninger/trondheim/vare-aktiviteter/integrering-og-mangfold/
