Sorrig og glede
Lyrikk og poesi har alltid vore ein måte å formidla sterke kjensler og synspunkt på. Salma «Sorrig og glede» av den danske barokk diktaren Thomas Kingo, er inga unntak. «Sorrig og glede» sto på trykk fyrste gong i Kingos salmebok frå 1699. I denne teksten skal eg peike på sentrale verkemiddel, og plassere salma i litteraturhistorisk samanheng.
Salma «Sorrig og glede» må man sjå i samanheng med barokken, den ber eit religiøst preg der det motsetningsfulle forholdet mellom himmel og jord står i sentrum. Det var vanleg at litteraturen under barokken hadde eit religiøst motiv, ettersom det var ein periode som oppstod som ein lausriving frå renessansen sin ideologi om at mennesket var i sentrum. Litteraturen og kunsten i barokken på 1600-talet var prega av dramatiske skildringar av den kaotiske verda og hyllest til gud. Salma ber mange av barokkens særtrekk ved at den har ein dramatisk stil som vekker kjensler i oss.
I den fyrste strofa i salmen står det, «Sorrig og glede de vandre tilhope, lykke, ulykke de ganger på rad, medgang og motgang hinannen anrope». Thomas har satt motsetningar opp mot kvarandre. Bruk av kontrastar kallar vi for dualisme, når denne dobbeltheita blir uttrykkja, så blir antitesen eit sentralt verkemiddel. Verknaden kontrastane i salma har er at man som lesar opnar auga, og ser ting i samanheng. Livet vårt er bygd opp av sorger og gleder, utan vondskap hadde det ikkje eksistert noko godt i verda. I den femte strofa blir det brukt ein metafor, der den herligaste rosa har den skarpaste tornen, og dei finaste blomar har si tærande gift.
Gjennom salma kan man peike på fleire grunnleggjande verkemiddel ved barokken. Thomas brukar vakre ord og klingande rim og gjentakingar, som til dømes Gud og himmel, for å presisere at Gud er allmektig. Man finn også teikn vanitas i salma der livet etter dauden er eit aktuelt tema gjennom heile salma.
I litteraturhistoria vår er salma skriven i barokken som varte frå 1600 til byrjinga av 1700. Salma er skriven på 1600 talet, og inneheld fleire sentrale verkemiddel ved litteraturen i denne perioden som dramatiske verkemidlar, dualisme, vanitas, metaforar, flittig bruk av adjektiv, klingande rim og gjentakingar. I tillegg til desse verkemidlane har salma eit religiøst motiv, som dei fleste litterære verka som blei skriven i barokken.