Oppgaveløsning i erstatningsrett og avtalerett

 

Oppgåve 1) Daudmannsknappen

I denne saka tek ein opp spørsmålet om Stine på 11 år og/eller foreldra hennar kan få erstatningsansvar for dei skadane som oppstod etter at Stine kolliderte med båten til naboen. Stine mista kontrollen på båten ho sat i då ho drog forsiktig i ei snor som gjorde at motoren starta. Skadeerstatningslova av 1969, § 1-1 om barns ansvar og § 1-2 om foreldras ansvar er sentrale grunnlag i drøftinga. Erstatningstvisten drøftar eit eventuelt ansvar for Stine og for foreldra gjennom dei fire erstatningsvilkåra.

 

Stines ansvar

Naboen til Stine og foreldra kravde at Stine skulle gjere opp for seg og betale for skaden. Ho kan får erstatningsansvar jf. skadeerstatningslova § 1-1 viss skaden er gjort forsetteleg eller uaktsomt. Spørsmålet vidare blir om skaden kom av at Stine leika med båten eller om handlinga var aktlaus.

 

Ansvarsgrunnlaget i denne saka kan vere skadeerstatningslova § 1-1. Denne lova seier at barn og ungdom under 18 år pliktar å erstatte skade som dei valdar forsetteleg eller uaktsomt om det er rimeleg. Denne lova som grunnlag for Stines ansvar forutseier at skaden blei påført på grunn av uaktsomheit. Etter § 1-1 skal uaktsomheit vurderast i forhold til mellom anna alderen på skadevaldaren. Stine er berre 11 år. I oppgåva får i opplyst at Stine drog forsiktig i startsnora og ho handla som ein anna vanleg person på hennar alder ville ha gjort. Det skal mykje til for at barn under 14 år kan få erstatningsansvar. Graden av skyld talar for at det ikkje ligg til grunn rimeleg med ansvar.

 

Frå rettspraksis i skeisebarnedommen fekk ein 9-åring  ansvar. Men der var handlinga så farleg og grov at ho ikkje kan samanliknast med uforsiktigheiten med båten i dette tilfellet.

 

Vidare kjem spørsmålet om det er årsakssamanheng mellom handlinga til Stine og skaden på båten til naboen. Ein kan gå ut i frå at skaden ikkje hadde oppstått dersom Stine ikkje hadde leika med båten og vore meir forsiktig. Sjølv om faren hennar ropte at ho måtte slutte fordi ”daudmannsknappen” ikkje var teken ut, fortsette Stine og dra i snora sånn at motoren starta. Stine mista kontrollen på båten, men sidan alderen hennar er såpass låg ligg det ikkje til grunn for at ho har evna til å klare å få tilbake kontrollen på båten med 9 HK. Ifølge forskrift om krav til førar av fritidsbåt § 5 om minstealder, skal førar av båt på over 10 HK vere over 16 år. Dermed bryt ikkje Stine lova då ho brukar båten med 9 HK. Men vi kan konstantere med at det ligg føre årsakssamanheng mellom handlinga til Stine og skaden.

 

Skaden som oppstod på båten til naboen er ikkje ein naturleg følgje av handlinga til Stine. Ho kunne like gjerne ha klart å styre båten ein anna stad, og det er heilt tilfeldig at båten kolliderte med naboen sin båt. Dermed ligg det ikkje føre tilstrekkeleg med påreknelegheit.

 

Det økonomiske tapet på båten var totalt 20 000kr. Ingen kom til skade. Ifølge skadeerstatningslova § 1-1 skal ein ta hensyn til økonomisk evne i erstatningsvurderinga. Sjølv om handlinga var uaktsom kan erstatningsbeløpet bli satt ned dersom den unge skadevaldaren ikkje har nok økonomisk evne til å betale tilbake. Vilkåra om økonomisk tap er oppfylt og det vert berre kravd erstatning for dette.

 

Berre to av dei fire erstatningsvilkåra er oppfyllte. Stine får ikkje erstatningsansvar og skal ikkje erstatte det økonomiske tapet på båten til naboen.

 

Foreldras ansvar

Ansvarsgrunnlaget til foreldra kan vere skadeerstatningslova § 1-2 nr 1., foreldras ansvar. Foreldre pliktar å erstatte skade voldt av barn og ungdom under 18 år viss det er mangel på tilsyn eller dei ikkje har gjort noko for å hindre at det oppstår skade. I dette tilfellet sa faren til Stine ifra om konsekvensane av å dra i startsnora, og han prøvde å forhindre handlinga til hennar. Foreldra får derfor ikkje ansvarsgrunnlag etter § 1-2 nr. 1. Spørsmålet vidare blir om dei kan få objektivt ansvar etter skadeerstatningslova § 1-2 nr. 2. Dette ansvaret føreset at Stine var uaktsom, noko vi har komme fram til at ho var i dette tilfellet. Foreldra får dermed erstatningsansvar etter denne regelen.

 

Ansvaret etter § 1-2 nr. 2 er avgrensa til 5000 kr for ei skadevalding. Naboen sitt krav om eratning på 20000 kr blir ikkje dekka. Foreldra til Stine blir ansvarlege for å dekke 5000 kr av det økonomiske tapet.

 

Ein kan konkludere med at Stine ikkje får erstatningsansvar, medan foreldra til Stine blir erstatningsansvarlege ovanfor naboen jf. Skadeerstatningslova § 1-2 nr.2.

 

Oppgåve 2) side by side-skapet nr.1

 

Rettsspørsmålet i denne saka tek utgangspunkt i reglane i avtaleloven av 1918, andre kapittel om fullmakt. Sprøsmålet ein tek opp er om det ligg føre ein bindande avtale mellom Roger Hammer og Arne Jensen om kjøp av eit kjøleskap.

 

Stine Ås har kan på vegne av Roger Hammer kjøpe eit kombinert kjøle- og fryseskap gjennom oppdragsfullmakt som Roger hadde gitt Stine munnelg jf. Avtaleloven § 18.  Dette er ei usjølvstendig fullmakt som berre bygger på den interne avtalen mellom Roger og Stine. Fullmakta er avgrensa til  ”eit kombinert kjøle- og fryseskap med uttak av isbitar og kaldt vatn i døra på frysesakapet”. Avtaleloven § 10 (1) bind fullmaktsgivaren til avtalen når fullmektig handlar i samsvar med fullmakta og tredjemann stolar på fullmektigen.

 

Roger Hammer seier til Stine Ås at skapet ikkje skal koste meir enn 10000 kr. Denne beskjeden er ikkje ein del av fullmakta, men ein instruks jf. § 11 (1). Instruksen har ingen rettsleg verkand for tredjeperson i avtalen så lenge han er i god tru.

 

16-år gamle Stine Ås handla i samsvar med fullmakta, men i strid med instruksen då ho gjekk 5000 kr over prisinstruksen då ho kjøpte eit kjøleskap til kr 15 000kr. Spørsmålet vidare blir om Roger var i god tru då han aksepterte dette tilbodet, altså at han ikkje forstod eller burde forstå at Stine handla i strid med ein eventuell prisinstruks.

 

I oppgåva er det ingen opplysningar som tilseier at selgjaren var i ”vond  tru”.  Brotet på instruksen er etter vurdering ikkje tilstrekkeleg for at det burde vekke mistanke hjå selgjaren. Resultatet blir dermed at tilbodet på 15 000kr for kombikjøleskapet bind roger Hammer til ein avtale.

 

Konklusjon: Det ligg føre ein bindande avtale mellom Roger Hammer og Arne Jensen om kjøp av kjøleskap .

Oppgåve 2) Side by side skapet nr.2

 

Tvisten mellom partane, Roger Hammer og Arne Jensen, om det føreligg ein bindande avtale på grunnlag av kapittel 2 om fullmakt i avtaleloven.

 

Roger finn ein annonse i lokalavisa om ”eit kombinert kjøle- og frysskap med uttak av isbitar og kaldt vatn i døra på fryseskapet, eit såkalla side by side-skap, til salgs for ein god pris…, Arne Jensen”. Roger sender ein melding til slegjaren om fullmakta til Stine. Avtalen blei derfor inngått på grunnlag av fråsegnfullmakt  i samsvar med avtaleloven § 13. Stine hadde fullmakt til å kjøpe kombiskapet til ei grense på 10000 kr. Roger blir bindande til avtalen  om fullmektigen går innafor fullmakta jf. § 10 (1).

 

Roger presiserte at kjøpet ikkje måtte gå over kr 10000.  Denne beskjeden er ein instruks jf. § 11 (1). Og denne instruksen har ikkje rettsleg verkand dersom tredjerperson, Arne Jensen, er i god tru.

 

Stine handla i samsvar med fullmakta, men gjekk utanfor instruksen med 5000 kr så ho vart tilbudt kombiskapet for kr 15000. Stine hugsar prisgrensa ho hadde fått og informerte selgjaren om at prisen ikkje heilt stod til Roger sine forventningar.  I oppgåva får vi opplyst at Arne ikkje reagerte på dette, og solgte kombiskapet likevel. Spørsmålet blir om Arne Jensen  var i god tru då han likevel inngjekk ein avtale, altså at han verken forstod eller burde skjønt at Stine handla i strid med prisinstruksen.

 

Ut i frå dei opplsyningane oppgava gir ligg det til grunn for ”vond tru” hos selgjaren. Eg tolkar det slik at Arne Jensen burde forstått brotet og og ikkje inngått ein avtale. Avtalen blir dermed ikkje bindande jf. Avtaleloven § 11, 1 ledd.

 

Konklusjon: Det ligg ikkje føre ein bindande avtale mellom Roger Hammer og Arne Jensen jf.  Avtaleloven § 11 (1)

Del artikkelenShare on FacebookTweet about this on TwitterPrint this pageEmail this to someone