Sammenligning av «Gunnlaug Ormstunge» og «Aldo Monrad»

Saga til teikneserie

Den eine teksten er eit utdrag frå Gunnlaug Ormstunge som er ein tekst frå sagalitteraturen på 1200 talet. Den andre teksten er ein moderne teikneseriestripe frå avisa Aftenposten, datert august 2009. Desse tekstane har likt innhald men ulik forteljarmåte.

 

I utdraget frå Gunnlaug Ormstunge møter vi storhøvdingen Illuge. Vi møter også slekta og familien hennar, deriblant sonen til Illuge, Gunnlaug. Sagaen er ein typisk islendingsoga, der slektskap og maktforhold blir vektlagt. Gunnlaug blir tidleg vaksen. Som 15 åring vil han ha ferdagods og godkjenning frå far sin til å reise utanlands for å sjå andre folks skikkar. Illuge meinte at Gunnlaug ikkje vart vaksen nok og gav ikkje sonen hjelp, ferdagods eller godhug. Forteljarmåten er autoralrefererande, med få dialogar.

 

Teikneseriestripa handlar om ein dialog mellom Aldo og far sin ,der faren ber Aldo å fortelje om sine mål og planar for hausten. Aldo fortel faren akkurat det han ønske å høre. Faren skjønner ikkje at Aldo er sarkastisk. Teikneserien er moderne og frå vår tid og derfor enklare for oss å samanlikne oss med. Det er ein samansett tekst med bilde og dialogar. Det står ikkje skreve at dei sitt i ein bil, det er nokke man ser av bilda. I denne teksten er det inga forteljarstemme. All dialog er direkte tale, forutan tankebobla som fortel oss kva Aldo tenkjer etter samtalen med far sin.

 

Skilnaden er stor når det kjem til forteljar og uttrykksmåte, men har same tema i botn. Far-son relasjon. Begge tekstane er veldig typiske for tida dei er skreve i. I sagaen har Gunnlaug ei meir respektfull halding til far sin, medan samanlikna med teikneserien der Aldo gir far sin eit ironisk svar på spørsmåla.

Del artikkelenShare on FacebookTweet about this on TwitterPrint this pageEmail this to someone