Komparativ analyse av «Soga om Gunnlaug Ormstunge» og «8 Mile»

Samanlikning av ”Soga om Gunnlaug Ormstunge” og ”8 Mile”

 

Sagaen om Gunnlaug Ormstunge og filmen ”8 Mile” er satt i to heilt forskjellige kulturhistoriske kontekstar, men handlinga er kanskje ikkje så altfor forskjelleg likevel.  Denne teksten vil leggje spesielt vekt på kva respekt og ære har å si i forteljingane, sidan dette er faktorane dei har mest til felles.

 

Den første likskapen dei har til felles er dikting, ettersom at i begge forteljingane spelar dette ein veldig stor rolle når det kjem til respekt. Både Gunnlaug Ormstunge og Rabbit (hovudpersonen i 8 Mile) bruker dikting for å få respekt, og jo betre dikter ein er jo høgare status får ein.

Måten dei får respekt på med dikting er litt forskjellig. Rabbit konkurrerer mot andre ”rappare” for å få høgare status og meir respekt i miljøet sitt. Gunnlaug drar derimot frå land til land for å imponerer kongar og få respekt og rikdom av dei tilbake. Begge jobbar altså hardt for få respekt, anerkjenning og status i det området dei held til.

Den andre likskapen er at æra til hovudpersonane i begge forteljingane beskyttast med vold. I Gunnlaug Ormstunge fører ein konflikt skapt av diktinga hans til at han og ein annen skald går til holmgang. Gunnlaug dør i holmgangen, og dermed tar ein av brødrane hans blodhemn på ein frå Ravn si ætt, for å holde på si ære. I 8 Mile fører diktinga til at han møter ei jente i miljøet som han blir samen med. Når ein ”ven” av Rabbit har samleie med dama hans, byrjar Rabbit å banke opp den tidligare venen.  Dermed kjem venen med gjengen sin for å ta hemn for at Rabbit slo til han og beskytte si ære.

 

Del artikkelenShare on FacebookTweet about this on TwitterPrint this pageEmail this to someone