Filmanalyse av «Hodejegerne»

Filmmelding: Hodejegerne

Hodejegerne er ein thriller/actionfilm frå 2011, basert på den populære kriminalromanen med same namn av Jo Nesbø. Regissøren Morten Tyldum er kjend frå tidlegare for å ha regissert filmen Varg Veum – Falne engler frå 2008, som er ein av dei mest populære Veum-filmane.

Filmen Hodejegerne byrjar med at vi blir introdusert for Roger Brown, som jobbar som hovudjeger for eit rekrutteringsbyrå. Han bur i eit designhus til 30 millionar, og er saman med ei vakker, tiltalande kvinne. Brown synest ikkje han har eit bra utsjåande, eller økonomi til å eige huset, så han kompenserer for dette med å vere ein dugeleg kunstjuv. Ein dag møter han Clas Greve, som passar perfekt for den stillinga Roger arbeidar med. Clas Greve har i tillegg eit maleri verd fleire titals millionar hengjande på veggen, som vil gjere slutt på alle problem for Roger. Han bryt seg inn hos Greve, og oppdagar noko som snur alt på hovudet – snart må han flykte for livet!

Skodespelarane gjer ein god jobb, og gjer Hodejegerne lett å leve seg inn i. Detaljane rundt Roger Brown er i filmen kortfatta, men gjev oss akkurat nok forståing av motivasjonane han sine. Aksel Hennie utfører dugeleg skodespill når han spelar ein sjølvtrygg Roger, som i filmen utfører handlingar som tyder på at han ikkje eigentleg er trygg på seg sjølv. Det er ikkje berre Aksel Hennie som imponerer stort i denne filmen, fienden Clas Greve, spelt av Nikolaj Coster-Waldau, gjer òg ein fantastisk jobb.

Historia inneheld mykje handling og action, i høgt tempo. Det går ikkje lang tid mellom høgdepunkta. Manuset i filmen er stramt, og gje den uføreseielege handlinga naturleg tett og konsis. Fleirtalet av scenane er prega av dystre fargar i gråtoner, noko som understrekar thrillerpreget og handlinga. Den tradisjonelle orkestermusikken i bakgrunnen gjev ein god, profesjonell flyt gjennom heile filmen, og forsterkar kjensla av at dette er ein film av høg kvalitet.

Hodejegerne er ein film som gjer at du til tider får gåsehud av skrekk, men samstundes nyt opplevinga. Filmen inneheldt mykje humor, og spesielt episoden med utedoen er grov humor på sitt beste. Det er berre i éi scene vi kan få assosiasjonar til at dette er ein «typisk norsk film», og det er i bilkrasjscena som såg litt billeg og amatør ut.

Eg synest Regissør Tyldum har gjort ein bra og profesjonell jobb med å skape ein thriller som tydelegvis resten av verda òg kan like. Det er nemleg ikkje rart at filmen er seld til over 50 land over heile verda, og er den mest selde norske filmen! Eg synes filmen er spennande og morosam, og ønskjer å anbefale den vidare til alle dei som liker skodespelaren Aksel Hennie og filmar med mykje spennande handling på ei gong.

Del artikkelenShare on FacebookTweet about this on TwitterPrint this pageEmail this to someone